Om oss

Tysseland Smed og Mek. Verksted sin historie:

Historien om Tysseland Smed og mekaniske verksted går tilbake til 1952. Då vart firmaet starta av Per Tysseland og held til på Totland. Året etter vart broren, Johannes, med i firmaet. Dei kjøpt tomt på Ådland og bygde verksted.
I 1955 kom den yngste broren, Einar, med i firmaet. Per slutta i firmaet etter få år, Johannes arbeida i firmaet frå 1960 tallet og fram til han dø i 1988. Einar arbeidar framleis i firmaet. I 1996 kom sonen til Einar, Jan Erik, med i firmaet og er i dag dagleg leiar og eigar.

Frå 1950 tallet og fram til 1970 tallet var firmaet ein produksjonsbedrift. Me produserte: vogner for tohjulstraktorar ,kassar til lastebilar, pultar, stolar, krakkar og bord av røyr. Borebukkar var på 1960 tallet ein av produksjonen som me laga.

Frå 1970 tallet har me arbeida mest med reperasjonar og vedlikehald og dette er i dag også hovedarbeidet vårt.

Her kan du lese meir om historien om Tysseland Smed og Mekaniske Verksted. Artikkelen er gitt ut i boka: Ådland, folk og hendingar utgitt av Svein O Aadland i 2002. ISBN 82-992981-1-3.

2.1.17